Har du enno ikkje fått installert ny målar med kommunikasjon, risikerer du å verte belasta for avlesingsgebyr på kr 2.000,-.

Frå 1. januar innfører vi avlesingsgebyr på målarar utan kommunikasjon. Gebyret skal dekke kostnad vi har med å behalde det gamle systemet for manuell avlesing, og behandling av måleverdiar frå dei gamle målarane. Dette er kostnadar som skal dekkast av dei som har gamle målarar, og skal ikkje belaste kundar med ny målar tilpassa nytt effektivt system. Gebyret gjeld også for deg med legeattest på fritak frå kommunikasjon på målaren.