Eigarskap

Nordvest Nett AS har 2 eigarar. Vestnes Energi eig 63,5% av aksjene, og Ørskog Energi eig 36,5%. Vestnes Energi er eigd av Vestnes kommune, medan Ørskog Energi er eigd av kommunane Skodje, Ørskog og Stordal.

Verksemd

Nordvest Nett har det samla ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av straumnettet i Vestnes, Haram, Skodje, Ørskog og Stordal kommune. Straumnettet omfattar ca. 2 000 km med linjer og kablar, og ca. 900 nettstasjonar. Denne verksemda er monopolregulert.

I tillegg til hovudverksemda, har Nordvest Nett dei siste åra bygd ut både stamnett og aksessnett for fiber. Pr. mars 2015 er nettet lagt fram til ca. 4000 kundar, der vel halvparten i dag kjøper tenester over fibernettet.

Mål for verksemda

Nordvest Nett har 4 hovudmålsetjingar:

  • Leveringtryggleik som over tid er minst like god som gjennomsnittet for nettselskap i Møre og Romsdal
  • Eit nettleigenivå som i gjennomsnitt er lavare enn gjennomsnittet av nettselskap i Møre og Romsdal
  • God og stabil økonomisk avkastning for eigarane
  • Vi skal være eit førsteval for fagpersonell som søkjer seg til nettbransjen i vårt område