Fiber i heimane

Nordvest Nett har i samarbeid med Tafjord bygd ut fiber i Vatne/Tennfjord, Vestnes, Brattvåg, Stordal, Skodje og Valle. Vi har lagt fram fiberkabel til ca 4000 kundar i vårt konsesjonsområde. Som kunde på fibernettet vil du bl.a. ha tilgang  til superraskt internett, glassklare TV-bilder og mange telefoniløysingar. Vår intensjon er å gå i gang med liknande prosjekt i andre område så snart kundeinteressa er tilstrekkelig og det kommersielle grunnlaget er på på plass.

I "Fiber Til Heimen" prosjekta har Nordvest Nett et etablert samarbeid med Tafjord.  Samarbeidet går enkelt sagt ut på at Nordvest Nett har rolle som utbyggar, eigar og utleiar av fiberanlegga, medan Tafjord er leietakar og tjenesteleverandør ovanfor den enkelte kunde.

Nordvest Nett har bygd kommunikasjonsmessig motorvei

Nordvest Nett har i perioden 2005 - 2009 bygd ut stamnett for fiberoptisk kabel i Vestnes, Haram, Skodje, Ørskog og Stordal kommunar.  Stamnettet er ført fram til og tilkobla så og sei alle telefonsentralane i dei 5 kommunane.  Dette muliggjer at svært mange kundar, gjennom ADSL og SHDSL, kan få tilbod om atskilleg høgare breibandshastigheit enn det som tidligere har vore mulig.