Kompensasjon ved langvarige straumbrot.

Nordvest Nett har generelt sett høg leveringstryggleik. Det er svært sjeldan at kundar vert ramma av langvarige avbrot, men dette kan sjølvsagt skje ved større havari og ekstremver. Kundar som opplevar sammenhengande straumbrot på meir enn 12 timar kan søke om økonomisk kompensasjon som følge av straumbrotet (i henhold til NVE sitt regelverk). 

Som grunnlag for kompensasjon vil lengda på avbrotet vere avgjerande. Avbrotstida vert regna frå det tidspunkt Nordvest Nett får melding, eller burde fått melding om avbrotet. Fleire påfølgande straumbrot reknast som samanhengande dersom ikke normal straumforsyning haldast ved lag i minimum to timar. Kompensasjonsordninga gjeld ikkje for kundar som har avtale om utkoplbart forbruk.

Den som er registrert som kunde hos Nordvest Nett, må sjølv fremme kravet skriftleg. Kravet må fremmast på skjemaet du finn under. Etter at kravet er mottatt, vil vi kontrollere at opplysningene stemmer. Godjent utbetaling vil skje via nettleigefakturaen så snart som praktisk mogleg etter mottak av kravet.

For godkjente krav gjelder følgande kompensasjonssatsar:
 

Lengde på avbrudd     Kompensasjonsbeløp
Over 12 timer t.o.m. 24 timer kr. 600,-
Over 24 timer t.o.m. 48 timer kr. 1400,-
Over 48 timer t.o.m. 72 timer kr. 2700,-
Over 72 timer kr. 2700,- + kr. 1300,- pr. påbegynt 24-timers periode

 

Printbar pdf søknad om kompensasjon